Er du ein CNC-operatør med fagbrev? Nøyaktig og strukturert i ditt arbeid?
Då kan du vere vår nye
I vår fabrikk i Lonevåg produserer me finmekaniske komponentar med høge krav til toleransar, kvalitet og dokumentasjon.
Som CNC-operatør hos oss kjem du til å programmere og betene våre CNC-styrte dreie-, b-akse og/eller fresemaskiner. Du deltek i vår ordreproduksjon basert på gitte prosedyrar og teikningar, utfører kvalitetskontroll og vedlikehald av maskiner og utstyr.
Jobben krev at du er fagutdanna i CNC-maskineringsfaget. Det er fint om du har erfaring med programmering både på styring og ved hjelp av CAM-program. Me ser for oss at du er van med å bruke PC som arbeidsverktøy og har kjennskap til Office365. Det er eit krav at du kan kommunisere godt på norsk og/eller engelsk – både skriftleg og munnleg.
Du får ei 100% fast stilling og blir ein del av eit hyggeleg og sterkt fagmiljø. Du får moglegheit til å utvikle deg personleg og fagleg i ei solid, innovativ bedrift i vekst. Du får jobbe med spanande produkt for spanande kundar i spanande bransjar. Løn skal du sjølvsagt òg få.
Jo før du kan starte dess betre, men me skal tole å vente litt om du er rett person.
Spørsmål om stillinga retter du til Mikko Beckstrøm-Lindroos på telefon 941 92 788.
Søknad og CV sender du til mikko@leroymetall.no