Teamleder - Fres

Er du ein erfaren CNC-operatør med fagbrev? Opptatt av effektivitet og smarte løysingar?


Då kan du vere vår nye


TEAMLEIAR, AVD. FRES


I vår fabrikk i Lonevåg produserer me finmekaniske komponentar med høge krav til toleransar, kvalitet og dokumentasjon.

 

Som teamleiar har du ansvar for sikre god produksjonsflyt gjennom regelmessig oppfølging av prosessar og framdrift i fresavdelinga. Hovudoppgåva di er å legge til rette for at operatørane har dei beste forutsetningar for utføre jobben sin raskt og effektivt. Du ser alltid etter smartare måtar å jobbe på og set desse ut i praksis gjennom rettleiing av operatørane. Du tar del i produksjonen ved behov.


Du rapporterer til Produksjonleiar og har saman med han ansvar for vedlikehald av maskiner, maskinutrusting og tilbehør. Saman legg de planar for produksjonen i fresemaskinene.


Jobben krev at du er fagutdanna i CNC-maskineringsfaget, har auge for optimalisering og effektivisering av produksjon. Du er elles opptatt av å vere nøyaktig og strukturert. Me ser for oss at du er van med å bruke PC som arbeidsverktøy og har kjennskap til Office365. Det er eit krav at du kan kommunisere godt på norsk og/eller engelsk – både skriftleg og munnleg.

 

Du får ei 100% fast stilling og blir ein del av eit hyggeleg og sterkt fagmiljø. Du får moglegheit til å utvikle deg personleg og fagleg i ei solid, innovativ bedrift i vekst. Du får jobbe med spanande produkt for spanande kundar i spanande bransjar. Løn skal du sjølvsagt òg få.

 

Jo før du kan starte dess betre, men me skal tole å vente litt om du er rett person.

 

Spørsmål om stillinga retter du til Mikko Beckstrøm-Lindroos på telefon 941 92 788.

 

Søknad og CV sender du til mikko@leroymetall.no